Dolphin er KDEs filhandsamar, som du kan bruka til å bla gjennom innhaldet på harddiskar, minnepinnar/-kort og liknande. Han gjer det svært kjapt og enkelt å oppretta, flytta og sletta filer og mapper.
Dolphin inneheld mange funksjonar laga for å spara deg tid. Med faner og delt vising kan du arbeida med fleire mapper samtidig, og du kan enkelt flytta eller kopiera filene ved å dra og sleppa dei mellom mappevisingane. Og med høgreklikkmenyen får du kjapp tilgang til vanlege handlingar, for eksempel komprimering, deling og duplisering av filer. Du kan òg leggja til eigne handlingar her.
Dolpin krev få systemressursar og kan tilpassast måten du arbeider på. Programmet støttar tre ulike visingsmodusar – klassisk rutenettvising av filer, detaljvising med metadata og trevising. Du kan òg finjustera det meste av funksjonaliteten i programmet.
Dolphin kan visa filer og mapper frå mange skytenester og andre eksterne maskiner på same måte som om dei var lokale filer og mapper.
Dolphin kjem med ein innebygd terminal som lèt deg køyra kommandoar frå gjeldande mappe. Du kan òg leggja til meir funksjonalitet i programmet ved hjelp av programtillegg. Det finst blant anna eit tillegg for Git-integrasjon for å arbeida med Git-depot og tillegg for Nextcloud for å synkronisera filene dine via nettet.
Versjonar RSS
Utvidingar
Dolphin-tillegg
Dolphin-integrering med versjonskontrollsystem, Dropbox og diskbilete
FFmpeg Thumbnailer
Generer miniatyrbilete for video via FFmpeg
FileStash
Enkel løysing for støtte av virtuelle mapper i program frå KDE
Kamera
Programtillegg for å støtta PTP (Picture Transfer Protocol) i KDE-program
kdegraphics-thumbnailers
Miniatyrbiletlagar for ymse grafikkformat for bruk i KDE-program
KIO AudioCD
Direkte integrering av lyd-CD-ar med KDE Plasma og KDE-programma, med moglegheit formatkonvertering
KIO GDrive
Integrering av Google Drive, KDE Plasma og KDE-programma
KIO S3
Integrering av Amazon S3 med KDE Plasma og KDE-programma
Samba-basert fildelingstillegg
Legg til oppsett av Samba-deling av mapper i Dolphin
Zeroconf-støtte
Bla gjennom lokale nettverkstenester på nettverkssida i Dolphin
Nightly installers
Dolphin nightly installers are also available to download from the KDE CDN. These versions are intended for testing purpose. Get involved and help us make them better!
Ustabil versjon.
Laga frå den nyaste versjonen på test- og utviklingsgreina.