Hopp til innhaldet

Dolphin

Kategoriar:   System
Filhandsaming i Dolphin
Innebygd terminal i Dolphin
Dolphin lèt deg tilpassa filhandsamaren akkurat slik du vil ha han

Dolphin er KDEs filhandsamar, som du kan bruka til å bla gjennom innhaldet på harddiskar, minnepinnar/-kort og liknande. Han gjer det svært kjapt og enkelt å oppretta, flytta og sletta filer og mapper.

Dolphin inneheld mange funksjonar laga for å spara deg tid. Med faner og delt vising kan du arbeida med fleire mapper samtidig, og du kan enkelt flytta eller kopiera filene ved å dra og sleppa dei mellom mappe­visingane. Og med høgreklikk­menyen får du kjapp tilgang til vanlege handlingar, for eksempel komprimering, deling og duplisering av filer. Du kan òg leggja til eigne handlingar her.

Dolpin krev få system­ressursar og kan tilpassast måten du arbeider på. Programmet støttar tre ulike visings­modusar – klassisk rutenett­vising av filer, detaljvising med metadata og trevising. Du kan òg finjustera det meste av funksjonaliteten i programmet.

Dolphin kan visa filer og mapper frå mange sky­tenester og andre eksterne maskiner på same måte som om dei var lokale filer og mapper.

Dolphin kjem med ein innebygd terminal som lèt deg køyra kommandoar frå gjeldande mappe. Du kan òg leggja til meir funksjonalitet i programmet ved hjelp av program­tillegg. Det finst blant anna eit tillegg for Git-integrasjon for å arbeida med Git-depot og tillegg for Nextcloud for å synkronisera filene dine via nettet.

Installer på
Linux
Denne knappen verkar berre med Discover og andre AppStream-baserte appbutikkar. Du kan òg bruka pakke­handsamaren i distribusjonen din.
Installer via Snap Store

Versjonar RSS

24.02.0 2024-02-28
23.08.5 2024-02-15
23.08.4 2023-12-07

Utvidingar

Dolphin-tillegg

Dolphin-integrering med versjonskontrollsystem, Dropbox og diskbilete.

FFmpeg Thumbnailer

Generer miniatyrbilete for video via FFmpeg

FileStash

Enkel løysing for støtte av virtuelle mapper i program frå KDE

Kamera

Programtillegg for å støtta PTP (Picture Transfer Protocol) i KDE-program

kdegraphics-thumbnailers

Miniatyrbiletlagar for ymse grafikkformat for bruk i KDE-program

KIO AudioCD

Direkte integrering av lyd-CD-ar med KDE Plasma og KDE-programma, med moglegheit formatkonvertering

KIO GDrive

Integrering av Google Drive, KDE Plasma og KDE-programma

KIO S3

Integrering av Amazon S3 med KDE Plasma og KDE-programma

Samba-basert fildelingstillegg

Legg til oppsett av Samba-deling av mapper i Dolphin

Zeroconf-støtte

Bla gjennom lokale nettverks­tenester på nettverkssida i Dolphin