Hopp til innhaldet

Dragon Player

Kategoriar:   Multimedia
Skjermbiletet av Dragon Player

Dragon Player er ein multimediespelar som prøver å vera enkel i staden for funksjonsrik. Programmet gjer éin ting, og berre éin ting – avspeling av multimediefiler. Brukargrensesnittet er laga for ikkje å vera i vegen og for å gjera det lett å spela av filer.

Funksjonar:

  • Enkelt brukargrensesnitt
  • Framhald av videoar: Startar avspeling der du sist var
  • Støtte for teksting: Lastar automatisk undertekstfiler med tilsvarande namn
  • Videoinnstillingar (lysstyrke / kontrast)
  • Er på grunn av Solid og Phonon uavhengig av multimedierammeverk eller abstraksjonslag
  • Støttar avspeling av CD-ar og DVD-ar
Installer på
Linux
Denne knappen verkar berre med Discover og andre AppStream-baserte appbutikkar. Du kan òg bruka pakke­handsamaren i distroen din.
Installer via Snap Store

Versjonar RSS

22.12.1 2023-01-05
22.12.0 2022-12-08
22.08.3 2022-11-03
22.08.2 2022-10-13