Hopp til innhaldet

FileStash

Kategoriar:   System
Skjermbiletet av FileStash

Å velja fleire filer for kopiering eller flytting i ein filhandsamar har aldri vore enkelt, spesielt viss dei ikkje ligg rekkjefølgje. Når me vel filer manuelt eller med «Ctrl + A», oppdagar me gjerne at me ikkje treng alle filene, og må fjerna nokre av dei frå utvalet. Ei vanleg løysing er å laga ei mellombels mappe for å husa filene før kopiering, men dette er tregt om ein har mange eller store filer. Og med «Ctrl + klikk» kan ein lett nullstilla heile filutvalet.

Dette prosjektet har ei original løysing på problemet. Det legg til ei virtuell mappe i alle program som brukar KIO, der lenkjer til filer og mapper kan lagrast mellombels (ut økta). Du kan bruka alle vanlege filoperasjonar, som kopiering, flytting og innliming, anten med snøggtastar eller dra-og-slepp. Komplekse filoperasjonar, der du for eksempel skal flytta filer på tvers av mange einingar, vert på denne måten mykje enklare.

Utvidar: Dolphin | Gwenview | Konqueror | Krusader

Installer på
Linux
Denne knappen verkar berre med Discover og andre AppStream-baserte appbutikkar. Du kan òg bruka pakke­handsamaren i distribusjonen din.