Hopp til innhaldet
Screeenshot of <no value>

kdesrc-build er eit verktøy som lèt deg enkelt byggja KDE-programvare frå tilhøyrande kjeldekode-depot.

Funksjonar:

  • Sjekkar automatisk ut og oppdaterer kjeldekode for KDE-program frå tilhøyrande kjeldekode-depot. Både Subversion og Git-baserte depot er støtta.
  • Er integrert med infrastrukturen for kjeldekode til KDE-program, slik at ulike modular automatisk vert bygde i rett rekkjefølgje og basert på rette versjonsgreiner.
  • Støttar enkel bygging av valfrie versjonsgreiner, merkelappar og revisjonar til modular (eller alle KDE-programma).
  • Støttar mange byggjesystem. Det er til nød òg mogleg å byggja mange program som ikkje er frå KDE (for eksempel kan du byggja CMake frå tilhøyrande kjeldekode dersom distribusjonen din ikkje har ferdige CMake-pakkar).
  • Støttar kjapp første utsjekk av modular (berre for KDE Git-prosjekt) ved bruk augneblinks­bilete som alt finst på KDE-prosjektnettverket.
  • Støttar tørrtrenings­modus (--pretend), slik at du trygt kan eksperimentera med ulike innstillingar.
  • Kan lasta ned modular (både ved første utsjekk og oppdateringar) sjølv ved bygging av modular som alt er oppdaterte.
  • Kan avinstallera modular (manuelt eller før installering av ein alt installert modul) for å halda installerings­mappa ryddig. Merk at denne funksjonaliteten krev CMake-støtte og er framleis eksperimentell.
  • Loggar alt for seinare gjennomgang. Slik kan du lettare finn ut korfor noko gjekk gale ved bygging. Programmet lagar automatisk symbolske lenkjer for lett tilgang til nyaste log («log/latest»). Har òg fargekoding av loggen (kan slåast av).
  • Har støte for bygging av Qt-biblioteket, som trengst for all KDE-programvare. Kan òg tilpassast på mange måtar. Du kan, om ønskjeleg, justera dei fleste innstillingane heilt ned på modulnivå, òg «configure»- og CMake-flagg samt C++-flagg brukte ved kompilering. I staden for at du må hugsa kva «configure»-kommando du skal bruka, kan du definera ho éin gong for alle.
  • Omfattande dokumentasjon. Meld gjerne frå om du finn noko som treng nærare forklaring (sjå e-postadressa under eller kontakt e-postlista kde-devel).
  • Eit detaljert eksempel­oppsett følgjer med. Vanlegvis treng du berre kopiera det til ~/.kdesrc-buildrc, og så er alt klart.
  • Mykje meir!

Linux

Installer på Linux This button only works with Discover and other AppStream application stores. You can also use your distribution’s package manager.