Spelar KGoldrunner

KGoldrunner er eit actionspel der du spring gjennom ulike brett, klatrar, grev hol og unngår fiendar for å samla gullklumpar og komma deg vidare til neste brett. Fiendane dine er òg ute etter gullet. Og endå verre: Dei er ute etter deg!

Funksjonar:

  • Ulike grafiske tema
  • Fleire hundre brett
  • Brettredigering
  • To modusar for fiendane: klassisk og KGoldrunner. I KGoldrunner-modusen er dei meir intelligente, mens i klassisk modus er det lettare å lura dei.
  • Nokre frykteleg vanskelege brett
  • Kan spela med tastatur eller mus
  • Kan lagra framgangen

Linux

Installer på Linux Denne knappen verkar berre med Discover og andre AppStream-baserte program­butikkar. Du kan òg bruka pakke­handsamaren i Linux-distribusjonen din.

Versjonar

20.12.1 7. januar 2021
20.12.0 10. desember 2020
20.08.3 5. november 2020
20.08.2 8. oktober 2020
Vis fleire versjonar …