
KHangMan er eit spel basert på det klassiske hengdmann-spelet. Målgruppa er ungar frå seks år og oppover. Spelet har fleire ordkategoriar du kan velja mellom, for eksempel dyrenamn, og tre vanskegradar – lett, middels og vanskeleg. Datamaskina vel eit tilfeldig ord, og du må gjetta alle bokstavane i ordet. Kvar gong du gjettar ein bokstav som ikkje finst i ordet, vert delar av ein hengdmann teikna opp. Du må gjetta heile ordet før mannen vert hengd! Du har 10 forsøk.
Installer på
Linux
Versjonar RSS
22.04.2
2022-06-09
22.04.1
2022-05-12
22.04.0
2022-04-21