Skjermbilete av %name%

Konqueror er KDEs nettlesar og multiverktøy for all slags handsaming og førehandvising av filer.

Funksjonar:

  • Nettlesing med KHTML eller KDEWebkit som oppteikningsmotorar
  • Filhandsaming som brukar dei fleste funksjonane i Dolphins (mellom anna versjonsstyring, tenestemenyar og den grunnleggjande brukarflata)
  • Filhandsaming på FTP og SFTP-tenarar
  • Funksjonsrik FTP-klient (du kan dela vindauge slik at mapper på tenaren og lokale mapper kan visast i same vindauge, saman med førehandsvisingar)
  • Innebygde program som kan førehandsvisa filer (for eksempel Okular og Calligra for dokument, Gwenview for bilete og KTextEditor for tekstfiler)
  • Ymse tilleggsmodular: tenestemenyar, KParts (innebygde program), KIO (tilgang til filer ved bruk av spesielle protokollar som HTTP eller FTP) og KPart-tillegg (som for eksempel AdBlocker)

Linux

Installer på Linux Denne knappen verkar berre med Discover og andre AppStream-baserte program­butikkar. Du kan òg bruka pakke­handsamaren i Linux-distribusjonen din.