Hopp til innhaldet

Kontact

Kategoriar:   Kontor Andre plattformer:   Windows
Skjermbiletet av Kontact
KMail, e-postprogrammet i Kontact
Planlegg dagane, hald oversikt over arrangement, lag oppgåvelister eller inviter til møte med KOrganizer
KAddressBook lèt deg enkelt halda oversikt over kontaktar
Hald deg oppdatert med nyheitslesaren Akregator

Handsam e-posten din, kalendrane og kontaktane dine samt annan personleg informasjon med Kontact. Kontact samlar alt på éin stad og hjelper deg å halda oversikt over kommunikasjon og avtalar, og til å samhandla med kollegaar.

Kontact samlar fleire kommunikasjons­program i eitt vindauge, for auka brukar­oppleving og produktivitet. Med Kontact har du tilgang til alle dei kraftige verktøya våre frå same stad. I motsetning til ulike vevtenester respekterer me personvernet ditt og støttar opne standardar. Dette er grunnen til at Kontact gjev deg full kontroll over eigne data. Dersom du ønskjer, har du sjølvsagt òg full tilgang til dataa dine når du er fråkopla.

Kontact er sett saman av fleire tett integrerte komponentar:

  • KMail – kraftig og funksjonsrikt e-postprogram med støtte for mange e-postleverandørar.
  • KOrganizer – kalender og avtalebok som kan brukast saman med NextCloud, Kolab, Google Kalendar og andre kalendertenester.
  • KAddressBook – personleg adressebok som kan synkronisera kontaktane dine med fleire populære tenester.
  • Akregator – nyheitslesar med kraftig søkje- og arkivfunksjonalitet.
Installer på
Linux
Denne knappen verkar berre med Discover og andre AppStream-baserte appbutikkar. Du kan òg bruka pakke­handsamaren i distribusjonen din.

Versjonar RSS

6.2.3 2024-11-07
6.2.2 2024-10-10
6.2.1 2024-09-12
6.1.90 2024-08-22
6.1.2 2024-07-04
6.1.1 2024-06-13
6.1.0 2024-05-23
6.0.2 2024-04-11
6.0.1 2024-03-21
6.0.0 2024-02-28
5.24.5 2024-02-15

Nightly installers

Kontact nightly installers are also available to download from the KDE CDN. These versions are intended for testing purpose. Get involved and help us make them better!

Ustabil versjon.

Laga frå den nyaste versjonen på test- og utviklings­greina.