Hopp til innhaldet

KSokoban

Kategoriar:   Spel
Skjermbiletet av KSokoban

KSokoban er ei utgåve av det japanske lagersjef­spelet «sokoban».

Du spelar ein lagersjef som må flytta kassar til rett plass ved å skubba dei. Men du kan ikkje hala dei eller klatra over dei, så viss du ikkje passar på, kan dei verta setjande fast på feil stad, eller dei kan verta ståande og sperra vegen for deg.

Installer på
Linux
Denne knappen verkar berre med Discover og andre AppStream-baserte appbutikkar. Du kan òg bruka pakke­handsamaren i distribusjonen din.