Hopp til innhaldet

KXStitch

Kategoriar:   Bilete
A stitch pattern created from an image

KXStitch er eit program som lèt deg laga og skriva ut krosstingmønster. Du kan teikna mønstera frå grunnen, på ein sjølvvald vev som du eventuelt kan gjera større eller mindre etter kvart som du arbeider med mønsteret. Du kan òg importera bilete frå ulike biletformat og redusera talet på fargar i desse, slik at dei eignar seg som krosstingmønster, anten med heilsting eller delsting. Det er òg mogleg å bruka bilete som bakgrunn og teikna av desse. Til slutt kan finpussa på mønstera med ulike verktøy.

Funksjonar:

  • Kan teikna nye mønster
  • Kan redigera gamle mønster og lesa mønster frå PC Stitch
  • Støtte for ulike trådsystem: DMC, Anchor og Madeira
  • Kan laga eigne tråd-/fargepalettar
  • Kan teikna ulike typar sting
  • Fri bruk av attersting
  • Importering av bilete i ulike format
  • Utskrift av mønster og symbolforklaring
Installer på
Linux
Denne knappen verkar berre med Discover og andre AppStream-baserte appbutikkar. Du kan òg bruka pakke­handsamaren i distribusjonen din.

Versjonar RSS

2.2.0 2019-06-07