Skjermbilete av %name%

Skanlite er eit enkelt biletskanningsprogram for å skanna og lagra bilete. Skanlite er basert på libksane, eit grensesnitt for SANE-biblioteket som kan styra biletskannarar.

Funksjonar:

  • Lagringsvindauge for kvart bilete som skannast, eller automatisk lagring i tilpassa mappe med biletnamn og -format som programmet genererer.
  • Støtte for nettverksskannarar
  • Førehandsvising med veljing av utsnittet som skal takast med i skanninga
  • Skanning av fleire utsnitt frå eitt bilete

Linux

Installer på Linux Denne knappen verkar berre med Discover og andre AppStream-baserte program­butikkar. Du kan òg bruka pakke­handsamaren i Linux-distribusjonen din.

Versjonar

2.2.0 12. juli 2020