Hopp til innhaldet

SymbolEditor

Kategoriar:   Bilete
Skjermbiletet av SymbolEditor

SymbolEditor er eit program som kan laga bibliotek av QPainterPath-objekt med hint om korleis dei skal visast. Programmet var opphavleg laga for symbolbibliotek til krosstingprogrammet KXStitch, men andre program som brukar liknande funksjonar kan òg bruka det. Det inneheld fleire nyttige verktøy for teikning av symbol, for eksempel linjer, glatte kurver, rektanglar og ellipsar. Det er òg mogleg å spegelvenda eller dreia symbola og å henta inn teikn frå ulike skrifter. Symbola kan vera fylte eller tomme, og det er mogleg å endra linjebreidd og stilen på linjeendar og linjehjørne.

Funksjonar:

  • Kan laga fleire symbolbibliotek
  • Fylde og tomme symbol
  • Ulike breidder og hjørne- og endestilar for linjer
  • Dra og slepp mellom bibliotek
  • Symbollaging basert på teikn
Installer på
Linux
Denne knappen verkar berre med Discover og andre AppStream-baserte appbutikkar. Du kan òg bruka pakke­handsamaren i distribusjonen din.
Installer via Snap Store

Versjonar RSS

2.1.0 2019-06-30
2.0.0 2015-11-16
1.5.0 2014-08-17